Forrykende åpningsshow

2009-02-19 - Forrykende åpningsshow

For nøyaktig 40 år siden spilte bandet Jobus under Laksefestivalen (som den gang ble arrangert i Øvre Surnadal). Under åpningsshowet på Norsk Laksefestival 2009 skal bandet gjenforenes, og skal sammen  med "Villaksan" opptre fra hovedscenen på Skei. "Villaksan" var en del av åpningsshowet da Norsk Laksefestival ble arrangert for første gang for ti år siden, og består av Svanhild Husby, Ellinor Husby,  Janne Husby, Oddrun Husby, Linda Sæter og Tanja Heggem.

 

Gudmund Husby i Jobus har skrevet følgende om bandet:

" I 1960 haika Jon Husby til Trondheim og kjøpte trekkspell for pengane han fekk på konfirmasjonen. Han fekk med seg kameratane Ola Øyen som spela trompet, og Magne Søyset (far te Tone) på gitar. Dei starta å øve i ei lita hytte/bu oppi skogen. Lærar og klokkar Ingebrigt Kvendset kalla dei difor ”Jobus” som vart namnet på danseorkesteret deira. Dei spurde også ”Klokkaren” om det var greit at Magne kunne vere med, sidan han enno ikkje var konfirmert. (Jobus ha såleis ikkje noko med motorsag å gjer).
 
Fordi dei var fulle av speleglede og scenesjarme, vart dei fort kjende for at det var god stemning på dansefestane der dei dukka opp. Dei spela variert dansemusikk: Sven Ingvarsstil, tango, gamle ”svisker”, litt gamaldans, men lite rock’n roll.
 
Etter kvart vart ”Jobus” eit av dei mest brukte danseorkestera her omkring på 60-talet. Dagens besteforeldregenerasjon kan sikkert bekrefte dette.
Srnadalingen Martinus Ersvik var lenge med på trommer. Erik Kårvatn vart etter kvart med på trekkspel. Gudmund Husby var også tidvis med i bandet. Jon Lunde dukka som oftast opp på festane der ”Jobus” spela og bidrog m.a. med song.

For nøyaktig 40 år sidan spela Jobus på Laksefestivalen i Øvre Sunadal. Den gongen var det plattdans ved Sagatun.

Jon har mange gonger gjort forsøk på slutte som spellmann, utan å lykkast heilt.
Slik gjenoppstod ”Jobus” midt på 80-talet, denne gongen med namnet ”New Jobus Svingers”og med ei litt anna besetning. Hans Gundersen hadde fløyelslåt i saxofonen sin, brødrene Rune og Øystein Moe spela gitar og orgel og song vakkert. Gudmund Husby var bassist. Vi hadde også høyrt om ein ung sunndaling som jobba på Surnadal vidaregåande, og visstnok kunne litt på trommer. Namnet hans var Einar Sødergren. Da han kom med, vart det m.a. heilt anna deris på sambaen.

Under årets Laksefestival er det denne besetninga som skal prøve å få liv i publikum saman med ”Villaksan” fredagskvelden."